Søt sminkepung

“Søt, enkel sminkepung” heiter dette mønsteret frå AnnAKa, og både søt og enkel er den.

_MG_6610

Det går mest i strikking og hekling for tida, men av og til har eg overskot til å sy litt også. Denne pungen sydde eg i bursdagsgåve til ei god venninne. Eg har sydd mange pungar etter dette mønsteret, og tykkjer den er enkel og kjekk å sy. Denne gongen landa eg på stoff i blått og gråbrunt, som er fargar eg likar veldig godt, og dei vart fine saman med blondeglidelåsen.

Framover vert det forhåpentlegvis sydd litt meir, eg har nemleg meldt meg på eit nettbasert sykurs med Bente Malm, der eg skal sy strikkepinnearkiv! Eg har motteke alle kursmodulane og håpar eg kan starte på prosjektet snart. Det blir kjekt!

Sekstitre lappar

Sist gong eg forsøkte meg på eit heklateppe kom eg berre til lapp nummer tre før eg gav opp. Denne gongen vart det sekstitre lappar – eit heilt teppe!

_MG_6592

Eg har tatt utgangspunkt i eit mønster frå Sandnesgarn som står i heftet “Tema 21 – Det første året“, mønsteret eg har brukt er det som er avbilda på framsida. Blomen inst i heklaruta er frå mønsteret, men eg har gjort litt om på den delen av ruta som eg har hekla i gråbrunt. Eg har stort sett hekla stavar rundt, i staden for holmønsteret som opphavleg er der. Det vart litt rotete med så mange hol, og samstundes sleit eg med å få lappane heilt firkanta sidan det er brukt fastmasker (i staden for stavar) på nokre ulogiske plassar.

_MG_6597

Teppet er hekla i garnet Regia Angora Merino (som har gått ut av produksjon) med heklekrok nummer 2,5. Ferdig med innsydde trådar veg teppet 482 gram. Eg hadde nok hekla eit større teppe om eg fekk tak i meir garn, men det var nok til eit teppe i passe storleik til baby. Dette kjem til å passe fint på sprinkelsenga til Olai!

_MG_6595

Den eine lappen i ein annan farge er ein artig detalj, og eg må berre presisere at det er gjort med vilje og ikkje fordi eg fekk for lite garn! Eg elskar orden og system, men dette er akkurat passe mykje uorden til at det blir kult utan å gå meg på nervane! ;)

Lappane er hekla saman med fastmasker, og kanten rundt består av to omgangar fastmasker – ein omgong gråbrun og ein omgong lyseblå. Eg tykkjer det vart ekstra fint med den lyseblå kanten rundt når den plukka opp fargen frå annleisruta inne i teppet.

_MG_6594

Den får vere som den vart

“Den får vere som den vart, når den ikkje vart som den sku’!” Denne genseren hadde eg opphavleg ein heilt annan plan for, men sjølv om den vart annleis enn planlagt så vart den ganske fin likevel.

ipp

Genseren er strikka i Drops baby merino på pinne nummer 3. Dette var mi første erfaring med dette garnet, og om eg skal strikke meir av dette garnet kjem eg til å gå opp ein pinnestorleik. Genseren vart strikka på augemål med raglanfelling – eg la opp sånn passe mange masker og strikka til den såg sånn passe stor ut, før eg laga armane på samme måte og strikka raglanfelling. Kva storleik den tilsvarer eller kor mykje garn som gjekk med er eg usikker på.

ipp

Litt usikker på kva eg eigentleg syns om å kombinere vrangbord på armar og bol med riller på knappestolpe og i halsen..

ipp

Knappane er eg derimot heilt sikker på kva eg meiner om – dei er berre superherlege.

Kort oppsummert: ein genser som ikkje vart heilt slik den skulle, men som vart fin likevel!

Siklesmekker

_MG_6347

Syster mi ønska seg fleire siklesmekker til Olai, så då fann tante Ingvild like greitt fram symaskina og laga nokre! Eg tok utgangspunkt i eit mønster frå Stoff og stil, men endra det ganske mykje før eg vart nøgd. Eg laga smekka større i halsen og kortare i front. Olai er berre seks veker, så smekkene treng ikkje vere så store.

_MG_6351

_MG_6349

To av smekkene er sydd med eit tynt motivstoff framme og jersey/ribb bak. Dei to andre har jersey/ribb både framme og bake, og som pynt har dei fått på kvar sitt band. Eg var redd for at dei einsfarga skulle verte keisame, men med band på tykkjer eg faktisk at dei vart finast! Det enkle er ofte det beste?

_MG_6356

Desse smekkene er veldig enkle å sy. Ein klipper ut framside og bakside, legg det vrang mot vrang og syr ein saum rundt. Etterpå festar ein på borrelås eller trykknappar.  Eg har enno ikkje lært coverlockmaskina mi heilt å kjenne, og dei krappe svingane øvst på smekka fekk eg ikkje til fint på den. Eg har difor brukt vanleg symaskin, og sydd med ein falsk overlocksaum. Det er viktig at ein brukar elastiske saumar når ein syr i elastisk stoff, elles vil saumane slite veldig lett.

Bomullstopp med sommarstemning

Denne toppen gir meg sommarstemning! Mønsteret er frå Sandnes garn, og står i heftet “1406 Bomull dame“.

_MG_6309

Toppen er strikka i mandarin petit på pinne nummer 3, i ein herleg syrinlilla farge. Eg har strikka storleik XS, men har laga den mykje lengre enn det som står i mønsteret. Det gjekk med fem nøster og ein meter garn, eg fekk akkurat litt for lite av dei fem nøsta eg hadde kjøpt inn. Då eg skulle kjøpe meir fann eg ut at fargen var utgått og utseld frå butikken, men heldigvis fann eg eit nøste i ein restekurv på ein annan butikk. Litt flaks skal ein ha, eg var ikkje så gira på å rekke opp mykje og lage bolen eit par cm kortare for å få nok garn!

_MG_6306

Eg elskar dette holmønsteret!

_MG_6311
Rundt halsen har eg hekla krepsemasker.

Dessverre vart toppen for stor til meg, så eg er litt usikker på kva eg skal gjere med den. Inntil vidare får den henge her til pynt, den er jo ganske vakker å sjå på!

Hekledilla!?

Etter det store heklenederlaget – prosjekt heklateppe som berre vart tre ruter (les meir her) – var eg ganske sikker på at hekling slettes ikkje var mi greie. I det siste har eg likevel byrja å lure på om eg kanskje kunne klare å lære meg å hekle likevel? Kanskje var det berre snakk om å finne det rette prosjektet, samt å hente ut alt tilgjengeleg tålmod, så ville eg få det til?

Eg har prøvd meg litt fram med heklekroken og fått til både det eine og det andre. Det er nok litt enklare å motivere seg til å fullføre små prosjekt, og eg merkar allereie at sjølvtillita på heklefronten har tatt seg kraftig opp.

10362644_10152528120107139_1959901536342606810_n

Desse tre brikkane er hekla i mini duett, trur eg brukte heklekrok nummer 2 eller 2,5. Mønsteret eg har brukt er eigentleg til eit teppe, men med så tynt garn og tynn krok som eg brukte vart det fine små brikkar.

10387487_10152528110202139_3372389359364617031_n

Ein litt større brikke, hekla i mandarin petit. Mønsteret heiter “Summer splendor“. Eg har fulgt mønsteret og telt nøye, men likevel vart den litt rar ytterst, litt for stor på ein måte? Usikker på kva eg kan ha gjort feil.

_MG_6290

Eg har også hekla eit sjal! Det heiter “Delphi shawlette“, og då det var ferdig fann eg ut at eg ikkje lengre kan gå rundt og seie at eg ikkje kan å hekle. Det var veldig enkelt så fort eg kom i gong, og i tillegg var det veldig kjekt å hekle. Eg tykkjer sjalet vart veldig fint, men skulle gjerne sett at det var litt større. Det er hekla i Permin Estelle på heklenål nummer 2, og det gjekk med 75 g til sjalet + ca 10 g til kantane.

_MG_6285

Grått sjal med petrolblå kantar – ein herleg kombinasjon!

_MG_6299

Ein av grunnane til at eg har fått lyst til å hekle, er at eg har sett så mykje fint på instagram. Ein ting som dukka opp der var dei flotte hekladukkene til Lalylala, og sidan eg klarte å lage sjal tenkte eg at dette var sånn passe utfordrande å gå vidare med. Dette mønsteret heiter “Lupo the lamb” og er heilt bedårande.

Så – hekleskrekken min har gått over til å bli hekledilla! Dei siste vekene har eg hekla meir enn eg har strikka, og eg skal innrømme at tanken om å prøve på nytt igjen med det ufullførte heklateppet har streifa meg. Eg har jo framleis dei tre lappane liggande!

Triangelteppe

Eg har lenge hatt lyst til å sy eit quilta teppe, men sidan eg hadde fått det for meg at det var veldig vanskeleg gjekk det ei stund før eg tok mot til meg og starta på prosjektet. Teppet var slettes ikkje vanskeleg å sy, og eg har lært at store prosjekt ikkje nødvendigvis er verre å få til enn dei små.

_MG_5527

Eg elskar lyseblått, og sidan dette teppet er sydd i gåve til nevøen min Olai måtte eg nytte anledninga til å bruke mine favorittfargar. Den største utfordringa eg hadde var å sy med så sarte og ljose fargar utan at det vart for søtt og “baby”, men ved å setje saman likesida trekantar i forskjellige fargar vart uttrykket akkurat passe søtt og akkurat passe tøft.

_MG_5548

_MG_5549

Teppet måler omtrent 70 x 100 cm, og består av 25 store og 10 små trekantar. Eg har nytta sju forskjellige stoff; to grå, eitt kvitt og fire i blå/grøntonar. Baksida på teppet er kvitt med litt mønster i.

_MG_5554

_MG_5552

Eg har quilta langs saumane på trekantane, ca 0,5 cm innafor. Når eg har sydd dukar og slike ting tidlegare har eg opplevd at det har vore vanskeleg å unngå bulkar, men med mykje tolmod og minst like mykje spraylim fekk eg det til utan ein einaste bulk!

Eg er veldig nøgd med resultatet, og håpar at dette teppet vert fint å leike, krabbe og kvile på for vesle Olai. Det er nok fare for at han får fleire tepper etterkvart, for dette var skikkelig artig å lage. Eg har litt lyst til å sy eit sengeteppe til meg sjølv også, men er usikker på om eg får til å quilte noko så stort på mi vesle maskin.

Apestrekar

Etter å ha strikka ein del dei siste åra, har strikkesjølvtillita mi vakse seg til (nesten) Pippi Langstrømpe-nivå. Det vil seie at eg relativt ofte tenkjer at “det har eg aldri gjort før, så det får eg sikkert til!” og set i gong med eit nytt prosjekt. Også denne gongen fekk eg til det eg prøvde, sjølv om eg ikkje hadde gjort det før, nemleg å strikke ein apekatt!

_MG_5468

Mønsteret har eg som vanleg funne på Ravelry (Monkey Jacobus), og det var eit veldig detaljert mønster som var enkelt å følge. Det er nesten ikkje montering i det heile tatt på denne, snuten er sydd fast i hovudet på undersida, og i tillegg har han ein saum i rumpa. Ingen montering gjer apen både enklare å strikke og finare å sjå på, og i tillegg slepp ein å tenkje på at armar og bein kan løsne under ivrig barneleik. Munn og auger er også barnevennleg, munnen er strikka inn med rosa garn og augene er brodert på i etterkant.

_MG_5474

Apen er strikka med dobbel tråd, til kroppen har eg brukt ein tråd mørkebrun Sisu og ein tråd fleirfarga brun/blå/beige Fabel, medan dei kvite partia er strikka i dobbel Sisu. Eg såg på fleire ulike fargevariantar på Ravelry før eg bestemte meg, og tykkjer at det absolutt gjorde seg med fleirfarga garn til denne. Sidan dobbelt opp med fleirfarga garn fort kunne verte litt rotete, brukte eg ein tråd mørkebrun Sisu saman med Fabel.

Eg har strikka på pinne nummer 4, som er litt tynnare enn eg ville vald til eit anna prosjekt med desse garntypane saman. Det er for å unngå at fyllvatten syns igjennom maskene. Det gjekk med omtrent eitt nøste kvar av brun Sisu og Fabel, rundt eit halvt nøste med kvit Sisu og ein rest med rosa Sisu til munn.

_MG_5460

_MG_5458

_MG_5513

_MG_5484

Apen har strikka til nevøen min Olai, som vart fødd 15. mai. Eg håpar dei vert gode vener!

Henslowe

Relativt ofte kjem eg over mønster på ting eg berre MÅ strikke, og sjalet “Henslowe” var eit slikt. Eg fall fullstendig for den vakre blondekanten, og heile uttrykket i sjalet tiltalte meg veldig. I tillegg har eg fått litt dilla på å strikke sjal, og det hamnar nok enno eitt på pinnane i løpet av kort tid.

_MG_5572

Eg har strikka sjalet i burgunder Sandnes alpakka silke på pinne nummer 3,5. Det gjekk med omtrent 100 gram garn, litt over 400 meter. Dette garnet har vorte eitt av mine favorittgarn, det er så utrulig mjukt og deilig. Det er ganske dyrt, men til småprosjekt som babykle og sjal går det fint. Eg hadde med meg dette sjalet på strikkekafé for eit par veker sidan, og då var det mange som kjente på det og kommenterte kor mjukt det var.

_MG_5577

Dette er det andre sjalet eg har strikka, og som de kanskje ser på bileta har eg ikkje heilt fått dreisen på blokkinga. Sidan eg har skjønt at sjalstrikking absolutt er noko for meg, så skal eg kjøpe inn utstyr slik at eg får blokka dei skikkeleg. Det gjer så mykje for det ferdige resultatet! Om du har tips til kva eg bør kjøpe, del det gjerne i kommentarfeltet :)

På pinnane og i tankane

Sidan eg ikkje har noko ferdig prosjekt å vise fram, tenkte eg å vise dykk bilete av eitt av prosjekta eg har på pinnane for tida. Sjølv om starten av mai er tid for unghestskue og hingsteutstilling, har eg likevel fått tid til både å strikke og sy.

_MG_5282

Ein av tinga eg strikkar på for tida, er ein herleg sommartopp frå Sandnesgarn. Eg strikkar den i lilla mandarin petit på pinne 3, og er veldig spent på om den vert like fin som eg håpar når den er ferdig. Holmønsteret er enkelt å følge, og det går ganske radig å strikke den.

Eg har vore ute og farta litt i det siste, og det har difor vorte litt garnshopping på meg. Når eg er på ein ny stad undersøkjer eg alltid om det fins ein handarbeidsbutikk der, og som regel handlar eg stoff, knappar eller andre ting til syprosjekta mine. Eg handlar sjeldan garn utan å ha ein konkret plan, eg finn som oftast mønster først og kjøper garn etterpå. Men, nokre gongar får eg lyst til å teste nye garntypar og difor har det heller beskjedne garnlageret mitt auka med følgande i løpet av dei siste par vekene:

_MG_5295

Til venstre ligg to hesper med “Soft silk” frå BC garn, det er eit garn som består av 100% bourettesilke. Eg har kjøpt eitt einsfarga offwhite nøste, og eitt i ulike blånyansar. Eg tenkte at dei kanskje kunne bli fine sommarsjal? Den samme tanken hadde eg då eg kjøpte dei to nøsta med Savanna, som består av bomull, silke og nylon. I ettertid har eg tenkt at det garnet nok også kan passe fint til eit sommarleg babyplagg.

Eg er litt svak for glitter og bling, og i desse lilladillatider måtte eg berre handle to nøster lilla “Fin” med glittertrådar. Det har eg også tenkt at skal bli sjal, men det skal få ligge til sesongen for litt varmare sjal er her. Effektgarnet “Bling” har eg ingen konkrete planar for, men det er kjekt å ha på lur til ein treng det vesle ekstra til et prosjekt.

Tidlegare denne veka var eg ein tur til Levanger, og der var eg innom ein utrulig fin Husflid-butikk. Dei hadde utstilt eit supermjukt helseteppe strikka i eintråds ullgarn frå Svarta fåret, så to hesper av det vart med meg heim og skal få bli teppe. Eg skulle gjerne handla heile butikken, for der var det mykje fint! Men, heldigvis får ein sei, hadde eg begrensa plass i veska som skulle gå som handbagasje på flyet heim. Godt eg skal tilbake om eit par veker!

Lett og lilla

Eg har strikka ein genser med det herlege namnet “Ease”, som på norsk tyder lettheit eller enkelt. Genseren er enkel både å strikke og å sjå på, men av og til så er det enkle det beste – også når det kjem til strikking. Eg likar utfordringar når eg strikkar, men det var godt å for ein gongs skuld strikke noko som ikkje krevde så mykje tenking undervegs.

_MG_0188

Eg har strikka genseren i Line frå Sandnesgarn, som er ein miks mellom lin, bomull og viskose. Eg har strikka størrelse small, og det gjekk med 438 gram garn. Eg kunne nok ha vald ein storleik mindre, men sidan dette skulle vere ein avslappa genser gjer det i grunnen ingenting at den er litt stor.

Mønsteret til genseren har eg, som vanleg, funne på Ravelry. Den er strikka ovanfrå og ned med raglanaukingar. Eg var litt usikker på om eg skulle lage hals på den eller berre ein halskant, og er veldig nøgd med at eg valde å lage hals. Det gjorde seg med denne detaljen, sidan genseren ellers er så enkel.

_MG_2022

Eg trur nok eg har fått litt lilladilla, for mange av tinga eg har laga i det siste er lilla. Det er ein så fin farge, og den fungerer til veldig mykje.

Crystal Chandelier

Det siste prosjektet som kom av pinnane var sjalet “Crystal Chandelier” som er designa av Maria Olsson. Oversett til norsk heiter sjalet krystallysekrone, og då dette gjekk opp for meg såg eg at mønsteret i sjalet ser ut som lysekroner.

_MG_0548

Eg har strikka sjalet i Viking alpakka/silke på pinne 3,5. Sjalet ville nok vorte enno finare med eit tynnare garn, men eg ville ha eit mørkebrunt sjal og valde difor dette garnet. Det gjekk med omtrent eitt og eit halvt nøste. Sjalet er ikkje så stort, då eg likar best å ha sjal i halsen og ikkje over skuldrane.

_MG_0562

Her ser ein godt lysekronene i mønsteret.

_MG_0534

_MG_0530

Dette er det første sjalet eg har strikka, og det gav utan tvil meirsmak. Det hamnar straks eit nytt eitt på pinnane, eg må berre klare å velje ut kva for eitt eg skal strikke først!

Gratulerer med dagen!

I dag har veslesyster mi, Marthe, bursdag – gratulerer så mykje med dagen! Ho er for tida i Zambia (!) i praksis som sjukepleiarstudent, og det gjer sending av gåver ganske upraktisk. I tillegg har ho ikkje bruk for gåva frå meg i Afrika, då ein vel trygt kan seie at den er tilpassa norsk klima. Difor vert gåva vist fram her på bloggen, for det er nemleg *trommevirvel*

Ein strikkagenser!

_MG_0522

Genseren er strikka i merinoull, og både garn og mønster er frå Sandnesgarn. Den er i str. medium, og har ekstra lange armar – for det likar Marthe på sine genserar. Det gjekk med 700 g garn, så dette er ikkje nokon lettvektar, men genseren vert nok varm og god når hausten og vinteren kjem. Med mindre ho vert att i Afrika, men det satsar eg på at ho ikkje blir.

_MG_0518

Genseren har rundfelling med eit mønster av åttebladroser. Eg likar så godt at rosene går over frå å vere kvite til å verte lilla, og tilbake att. Eg kjøpte garn og mønster med planar om å strikke genseren til meg sjølv, men medan eg la opp ombestemte eg meg og fann ut at dette skulle verte bursdagsgåve i staden. Eg håper både mønster, garn og fargar fell i smak, men sidan Marthe kommenterte at ho gjerne kunne få genseren om han ikkje passa til meg då ho såg kva eg hadde planar om å lage satsar eg på det!

_DSC4693_red_1280px

Mamma har stilt opp som modell (og pappa som fotograf) for at eg skulle få eit bilete av genseren på. Den tek seg mykje betre ut der enn midt opp i all kvitveisen der eg fotograferte, og mamma og pappa slapp kanskje dei rare blikka som eg fekk då eg fotograferte.. Til og med eit par ender såg rart på meg!

Gratulerer med dagen, Marthe! Genseren ligg her og ventar på deg til du kjem heim att til det kalde Noreg. 

PS: Marthe har ein blogg der ho skriv om korleis det er å vere sjukepleiarstudent i Zambia, sjekk den gjerne ut!

Eit lite sommarplagg

Medan eg ventar på å bli tante, så strikkar eg til den vesle. Denne herlege seleshortsen skal nevøen min sprelle i når sommaren kjem!

_MG_0240

Seleshortsen er designa av Lene Holme Samsøe, og står i Sandnes garn sitt hefte “Baby bomull 1408″. Eg har gjort litt om på mønsteret; i staden for å strikke fletter på smekka har eg strikka daisyar. Eg har litt dilla på det for tida, og fann ut at det ville bli fint på denne shortsen. Håper at den ikkje vart for jentete av det?

_MG_0250

Shortsen er strikka i Mandarin petit, og er i str 3. mnd. Det gjekk med så vidt over 50 g garn.

_MG_0253

På baksida har shortsen to knappar. Ein kan feste selane i kryss slik som på biletet, eller tvers over. I mønsteret stod det at ein skulle sy i to knappar på kvar sele, men eg tykkjer det vart finare slik som dette.

Oh, Bella!

Eg har omsider fått tak i heftet “Babystrik på pinde 3″ av Lene Holme Samsøe, og fekk fort mitt første prosjekt derfrå på pinnane. Det vart sjølvsagt ein Bella – eg veit eg ikkje er den første som har falt totalt for dette mønsteret.

_MG_0278

Eg valde modellen Bella tunika, som har ein knapp i nakken og ingen armar. Den er strikka i str. 9-12 mnd, i garnet alpakka/silk frå Sandnesgarn. Dette er eit utrulig mjukt og godt garn, som også er ganske drøyt. Det sto i oppskrifta at eg trengte 100g til denne tunikaen, men eg brukte berre så vidt over eitt nøste.

_MG_0274

_MG_0282

Flott mønster, mjukt og deilig garn og ein herleg farge. Det må jo berre bli bra?

Rosa og romantisk

Eg har laga nok ein strikketøypose, denne gongen vart den rosa og romantisk.

IMG_0065

IMG_0066

Eg har brukt tre forskjellige stoff til denne, to rosa og eitt brunt med rosa prikkar. Om eg ikkje hugsar feil så er alle Tilda-stoff frå Panduro. Rosa og brunt er ein fin kombinasjon, og med ein blonde på vart posen ganske søt. I enden av snorene har eg festa ei perle.

IMG_0073

Posen måler omlag 25×30 cm, og har snøring i toppen. Flott storleik til halvstore strikkeprosjekt!

IMG_0081

IMG_0075

 

Strikking + saum = sant

Dette er eit ekte hybridprodukt! Ein strikkalapp i daisystrikk og perlestrikk fekk fôr og glidelås, og vart til ein søt liten pung.

IMG_0039

IMG_0053

Eg strikka først ein lapp på omlag 20×28 cm som eg sydde saman i sidene. Fôret er sydd fast i glidelåsen, før det heile er putta ned i og sydd fast i strikket. Etterpå festa eg eit band med perler på i glidelåsen.

Framsida er laga i daisystrikk, ein veldig enkel og artig teknikk som eg forsøkte for første gong då eg laga denne pungen. For å lage daisyane strikker ein annakvar omgang rett og annakvar omgang med daisystrikk – 3 vr saman (ikkje ta maskene av pinnen), kast, og dei same 3 maskene vr saman ein gong til. I mellom kvar daisy er det ei rettmaske. Det vert veldig fint om ein skiftar farge mellom kvar rad, men det er også flott når det er einsfarga.

IMG_0024

Dette prosjektet gav meirsmak, eg har både lyst til å strikke meir daisy og eg har veldig lyst til å lage fleire ting der eg kombinerer strikking og saum. Dersom det er interesse for det, så tenkte eg å lage ei forklaring på korleis ein strikkar og syr ein slik pung.

IMG_0055

Luftballong

For ei god stund sidan kjøpte eg eit herlig stoff med luftballongar på Etsy, og eg har lurt veldig på kva eg skulle lage av det. Eg vegrar meg ofte for å klippe i dei finaste stoffa mine, men det er jo synd å la dei ligge i stoffhaugen for alltid når dei i staden kan verte noko fint.

_MG_6620

Stoffet fekk bli ei pc-mappe som passar til ein 13″ pc. Den er fôra med eit tynt lag vatt, og har borrelåslukking. Baksida er sydd i eit brunt linstoff med striper, og fôrstoffet er beige med hjarter på. Denne mappa skal syster mi få, ho har ønska seg ei slik til den nye pcen sin. Eg håper ho vert nøgd med farge- og materialvalg!

Dei andre pc-mappene eg har sydd har eg hatt ein lukkekant på i toppen, men denne valde eg å vrengsy. Det er litt mindre arbeid med det, men no i ettertid lurer eg på om det kanskje hadde vorte finare med ein mørk lukkekant øvst for å ta igjen dei mørke fargane på klaff og bakside. Men, den vart som den vart, og den er jo fin slik òg.

_MG_6629

_MG_6631

Eit utsnitt frå stoffet. Eg har ein like stor bit med likt stoff på blå bakgrunn, men kva den skal få bli anar eg ikkje. Det dukkar vel opp ein idé etterkvart, slik som det gjorde med den brune varianten.

 

Sjarmerande feil?

“Det er jo sjarmerande med ein liten feil, det er berre eit bevis på at det er heimelaga!”
Jepp, heilt til du har gjort feilen sjølv og den irriterar vettet av deg.

_MG_6551

Eg hadde frykteleg lyst til å strikke denne kjolen, for den er supersøt! Undervegs vart eg litt demotivert fordi det gjekk så himla treigt, kanten nede er strikka på tvers og den tok jo år og dag (=tre kveldar) å verte ferdig med. Då eg først vart ferdig med kanten gjekk resten av kjolen ganske radig.

Då eg skulle ta bilete av kjolen i går, oppdaga eg feilen – eg har klart å flette den eine fletta feil veg, MIDT på kjolen. Eg visste at eg hadde gjort ei flette feil veg på kanten nede (faktisk to ser eg no, kvifor i alle dager gjorde eg det ikkje slik at dei hamna på baksida?), men det syns ikkje på langt nær så godt som den svære feilen midt på. Jo meir eg ser, jo meir irriterar det meg, men feilen er ikkje stor nok til at det forsvarar å rekke opp ein halv kjole. I tillegg var kjolen litt kjedelig å strikke, så eg orkar ikkje strikke halvparten ein gong til.

_MG_6555

Kjolen er strikka i Sandnes mini duett, og mønsteret er også frå Sandnes. Den er strikka på pinne 3, i storleik 4 år. Som eg har nevnt før går eg ofte opp ein storleik på masketalet fordi eg strikkar så stramt, men denne kjolen kunne eg nok fint ha strikka i ein storleik mindre. Den vart mykje vidare enn eg hadde tenkt, så difor strikka eg også lengda til str. 4 år.

Kanten nede er strikka på tvers, og deretter er det plukka opp masker langs kanten. Midt på framsida har kjolen eit hol- og flettemønster. I mønsteret var dette på både for- og bakside, men eg har vald å strikke det berre på framsida. Stripene med vrangmasker har eg beholdt på begge sider, men ser i etterkant at det kanskje hadde vore like fint å droppe dei?

_MG_6568

_MG_6557

Ei flette feil veg har jo absolutt ingen ting å seie for bruken av kjolen, men eg er ein ekte perfeksjonist og likar ikkje å gje frå meg ting som eg ikkje er nøgd med. Spørsmålet er eigentleg om eg skal slutte å tenkje på feilen og gje vekk kjolen slik eg hadde planar om, eller om den skal henge her som ei påminning om at eg alltid må hugse å sjekke om flettene er riktig veg?

Oppdatering: Eg valde å gje vekk kjolen slik eg hadde tenkt, feilen vil ikkje visast i bruk uansett. Mottakaren vart kjempeglad, og då eg sa at eg var klar over feilen skjønte ho ikkje kva eg snakka om. Så det er kanskje berre for meg den er så skrikande synlig ;)

Sikksakkteppe

Eg hadde ein del Sisu liggande i restekurven, og tenkte at eit teppe var ein fin ting å bruke opp restane på. Med dobbel tråd og pinne nummer fem gjekk dette kjapt. Eg har brukt mønsteret Chevron Baby blanket, som var enkelt å følge, samstundes som sikksakkeffekten gjer teppet spennande både å strikke og å sjå på.

_MG_6513

Eg brukte dei fleste fargane eg hadde liggande i restekurven, men sjølv om det var eit resteteppe var det viktig for meg at fargane passa i hop. Då var det jo for ein gongs skuld ein bra ting at eg ikkje er så veldig vågal på fargefronten, for eg brukte alle fargane eg hadde så nær som ein.

_MG_6515

Nokre tal om teppet:
Storleik: Ca 60 x 70 cm
Garnforbruk: 254 g
Masker strikka: 18 876

_MG_6516

Planen var eigentleg å ha dette teppet liggande på lur til eg trengte ei barselgåve, men då det var ferdig vart eg så himla nøgd med det at eg vil behalde det sjølv. Eg visste ikkje heilt kva eg kunne bruke eit teppe på den storleiken til, men har funne ut at eit lite snertent teppe til å legge i fanget er superpraktisk! Eg frys ganske mykje, men store tepper blir ofte litt for varmt, og kan også vere ganske upraktisk.

_MG_6519

 

“Evas teppe”

Enno eit mønster eg kom over og tenkte “dette eg strikke” – “Evas teppe” designa av Ann Myhre/Pinneguri. Ein skulle tru at tepper tok lang tid å strikke, men eit babyteppe på tjukke pinnar går fort unna.

_MG_6259

Teppet er strikka i Sandnes alpkakka/ull på pinne 5, og måler 55×70 cm. Det gjekk med 222 gram garn til prosjektet. Mitt teppe er litt mindre enn det som står oppgitt i mønsteret, men det er fordi eg har vald eit litt tynnare garn, samt at eg strikkar stramt. Denne storleiken vil forhåpentlegvis passe fint til ein liten baby, og det kan også brukast som vognteppe.

_MG_6246

Teppet er strikka i rillestrikk, og har åtte slike løv. Eg har strikka løva på same plass som i mønsteret, sjølv om ein så klart kan plassere dei akkurat der ein vil.

_MG_6274

_MG_6256

Det var veldig artig å strikke teppe, så med ein gong eg var ferdig med dette starta eg på eit nytt. Det er også ferdig, og ligg no i våt handduk på golvet i gangen. To tepper på ei veke er vel ikkje så verst?

Supersøt Bambigenser

Dette mønsteret kom eg over på Sandnesgarn sine heimesider, og bestemte meg fort for at denne skal eg strikke. Bambiane er noko av det søtaste eg har sett!

_MG_6181

Genseren er strikka i Sandnes Sisu på pinne 3. Den er strikka med masketalet til str. 6 år, men lengda til str. 4 år. Eg strikkar veldig stramt, og for å ikkje ende opp med alt for små plagg går eg ofte opp ein storleik på mønsteret. Då slepp eg å gå opp i pinnestorleik, og kan bruke den pinnetjukkelsen eg tykkjer passar best til garnet.

_MG_6186

Augene, klovane og flekkane på rumpa er brodert på med maskesting i etterkant. Det er første gongen eg har brodert maskesting, og eg ser at eg treng litt meir trening på det punktet, men øving gjer vel meister?

_MG_6179

Ein annan ting eg har gjort for første gong er å strikke lus. Som sagt strikkar eg veldig stramt, og har difor hatt ein del problem med å få til mønsterstrikk. Eg var redd for at lus skulle bli utfordrande, men overraskande nok gjekk det veldig fint!

_MG_6182

_MG_6189

Matchande lue måtte det jo sjølvsagt også bli, denne var enkel å strikke sidan den er firkanta. To artige duskar fekk den òg.

_MG_6193

_MG_6195

Eg likar godt effekten med to omgongar grønt nedst på lua, samt nedst på bol og armar og øvst i halsen. Det gjorde at plagga fekk eit litt “friskare” uttrykk tykkjer eg.

_MG_6177

Bambigenseren og Holmenkollengenseren i førre innlegg var gåver til borna til venninna mi Janita, Abel Elias på fem og Oline på tre. I dag fekk eg melding med bilete av to blide og nøgde born i nye strikkagenserar, dei skulle ha dei med på besøk til mormor og vise fram. Det er veldig kjekt å gje vekk heimestrikka plagg når ein ser at dei ein gir det til vert oppriktig glade for det! :)

Holmenkollengenser

Midt i mellom verdscup i langrenn og verdscupavslutning i skiskyting i Holmenkollen var vel eit fint tidspunkt å fullføre Holmenkollengenseren på? Den har vore nesten ferdig ganske lenge, men eg har ikkje stressa med monteringa fordi eg måtte ha den ferdig samstundes som ein annan genser.

_MG_6162

Mønsteret er frå Sandnes, og stod i eit bilag til Allers i vinter. Der var den strikka i grått og kvitt, men eg valde ein blåfarge i staden for grått. Den er strikka i Drops Karisma på pinne 4, i størrelse 6 år. Eg har brukt masketalet til str 8 år men strikka lengda til 6 år (ja, eg strikkar stramt). Eg har stort sett fulgt mønsteret heile vegen, bortsett frå at eg har laga vanleg halskant i staden for høg hals.

I tillegg til genseren har eg strikka eit matchande panneband. Det skulle eigentleg bli ei lue, men eg mangla litt garn og orka ikkje køyre 12 mil pluss to ferjer for eitt nøste garn. Heldigvis fekk eg høyre i dag at han som fekk genseren tykkjer panneband er omtrent det kulaste som fins, så då var det jo kanskje ei meining med mangelen på garn. (Og frå no av skal eg kun kjøpe garn her eg bur, så eg slepp å sitje att med for lite garn og milevis å køyre til næraste utsalsstad.)

_MG_6168

_MG_6170

Eg har allereie før genseren var ferdig fått mange tilbakemeldingar på at det er eit fint mønster på den, så det er ikkje alle som har oppdaga dette mønsteret heilt enno. Den fins i både dame- og herremodell i tillegg til barnemodell, og kan nok fungere flott i mange fargar. Den fins også som jakke til born.

_MG_6174

Pose til strikketøyet

Ein fin pose er kjekk til å ha strikketøyet i. Eg har så mange strikkeprosjekt på gong for tida at eg fekk mangel på posar, så difor måtte eg sy ein til.

_MG_6157_blogg

Ytterstoffet eg har brukt er eit mørkebrunt linstoff med struktur. Det er det same stoffet som nettbrettetuiet eg sydde nettopp, men i ein annan farge. Fôrstoffet er eit rosa småblomstrete stoff frå Stoff og stil, det same stoffet er også brukt til botn i posen.

_MG_6152_blogg

Posen har fått firkanta botn som er quilta litt for å bli meir stødig. Eg har brukt eitt lag vatt mellom ytterstoff og fôrstoff. Eigentleg treng ein ikkje fyll i slike posar, men eg tykkjer dei vert både finare og meir stødige av det.

_MG_6147_blogg

Fôret er laga litt lengre enn posen, slik at det kunne lagast ein fin rosa kant på toppen. Her ser ein òg løpegangane som snorene går igjennom.

_MG_6146_blogg

Eg kjøpte meg stoppefot for ikkje så lenge sidan, men har enno ikkje fått heilt dreisen på å bruke han. Her tykkjer eg at eg fekk det sånn brukbart til, i alle fall så godt at eg ikkje rakk opp att. Symerket er frå Stoff og stil, og er festa med vliesofix.

_MG_6142_blogg

Slik ser posen ut når den er open. Den rommar eit middels stort strikketøy, som for eksempel ein barnegenser og eit par garnnøster. Den har anorakksnorer som ein drar i for å lukke posen. Dette er eit veldig enkelt, men samstundes veldig nyttig syprosjekt!

Enno meir Mariustrøbbel

Ein litt mindre genser – med enno meir trøbbel.

_MG_6128_blogg

Eg veit ikkje kor detaljert eg skal skrive om kva og kor mykje eg har rekt opp på denne genseren, men det er nok så mykje at eg har strikka genseren (minst) to gongar. Eg har gjort feil og mønsteret har vore teit, så eg har verkeleg fått testa tålmodet mitt på denne her!

Mønsteret eg prøvde å følge stod i Familiens strikkebok 2012, og det var heilt håplaust. Skulle eg ha fulgt det til punkt og prikke hadde eg endt opp med ein genser med vid og kort bol, alt for korte armar, svær halsopning og eit relativt merkeleg skulderparti. Eg lurer verkeleg på kva slags born som har vore utgangspunkt for denne, altså.. Heldigvis har eg strikka så mykje at eg klarte å trikse det til, og resultatet trur eg vart nokon lunde brukbart?

Eg har delvis fulgt mønsteret til str 3 mnd, men fordi bolen vart så vid laga eg den lengre, og det same med armane. I realiteten trur eg difor storleiken er rundt 6 månader pluss. Genseren er strikka i Sandnes Sisu i fargane mørkeblå, lyseblå og kvit.

_MG_6138_blogg

Genseren var barselgåve til ein liten kar som vart fødd i slutten av februar, og eg håper gåva fell i smak :)

Nettbrettetui

Nettbrettetui – prøv å seie det mange gongar på rad! Ikkje eit enkelt ord, men ein relativt enkel ting å sy.

_MG_6061_blogg

Etuiet er sydd til ein Galaxy Tab, og er praktisk å ha når ein skal ha med seg nettbrettet i sekken eller veska. Som ytterstoff har eg brukt lin med struktur og striper, og fôret er eit lyseblått bomullsstoff som eg òg har brukt til lukkekanten. Etuiet har eit lag middels tjukk vatt som polstring, og vert lukka med ein klaff med borrelås.

_MG_6068_blogg

_MG_6065_blogg

Dette etuiet har allereie reist til sin nye eigar, det var ei gåve frå pappa til ein kollega. Vanlegvis syr eg ikkje på bestilling, men pappa spurte så fint (og når bilen min treng dekkskifte om ikkje så alt for lenge er det greitt at han skuldar meg ei teneste!).

Ein heil haug

Ut i frå kor lite eg har blogga den siste månaden, skulle ein tru at eg ikkje har strikka i det heile. Det er heilt feil, for eg trur faktisk dette er den månaden eg har strikka mest nokon sinne! “Problemet” er berre at eg har starta på tusen prosjekt, og eigentleg ikkje gjort ferdig så veldig mange.

Strikkekurven min er eit lite genserbonanza for tida, eg har heile fire forskjellige halvferdige genserar liggande. Eg la alle i ein haug og tok bilete av dei, for å vise at det faktisk skjer noko på strikkefronten.

_MG_6076_blogg

Eg har strikka ganske langt på alle genserane som ligg her, men av forskjellige grunnar har eg ikkje vorte ferdig med alle (eh.. nokon). Den kvite og blå er ein Holmenkollengenser i barnestorleik, som eg berre har att å montere og strikke halskant på. Den lyseblå er ein nesten ferdigstrikka eigendesigna babygenser, som berre manglar ein knappestolpe i halsen samt dekoren (som “er” sjølve genseren). Mariusgenseren er ei barselgåve som vart veldig merkeleg i skulderpartiet, så den skal eg rekke opp rundfellinga på og strikke på nytt med ei litt anna løysing. Den lilla er ein Bambigenser, og den er eg godt over halvvegs ferdig med bolen på.

I går var eg på veldig koseleg strikkekafé på garnbutikken “min”, Volda Mode, og sidan vi fekk strikkekaférabatt på garn måtte eg jo kjøpe garn til enno ein genser! Eg har sett på den lenge, men ikkje klart å bestemme meg for kva slags garn eg skulle velje. Eg landa til slutt på Sandnes Merino, eit kjempemjukt garn i merinoull. Denne er, i motsetning til alle genserane i haugen, til meg sjølv :)

Så, det skjer som sagt veldig mykje på strikkefronten til tross for at det ikkje har hamna så mykje på bloggen. Eg skal hive meg rundt og fullføre nokre av prosjekta her, så eg har noko å blogge om! ;)

Fire år til neste gong!

Eg har vore med på Ravelenics på Tante Ull podkast si Ravelry-gruppe. Ravelenics går ut på å finne ei (strikke)utfordring til seg sjølv, noko som er utfordrande å fullføre i løpet av OL. Mitt prosjekt var å strikke sokkane Fireweed, noko som er utfordrande for meg fordi eg tykkjer sokkar er så ufattelig gørr å strikke.

Men – eg vart ferdig! Til og med før OL-ilden er sløkt, og til tross for at eg strikka ein halv sokk som viste seg å bli for liten, så eg måtte rekke opp og starte på nytt.

_MG_6041_blogg

Sokkane er strikka med ein tråd Sisu (kvit), og ein tråd Regia 4-fädig (burgunder). Eg har brukt litt over eitt nøste Regia, og ca eitt nøste Sisu (litt usikker, sidan eg starta på eit nøste som det var tatt av).  Sokkane er litt store, men i ein storleik mindre vart dei for små. Eg kutta ut litt av mønsteret på foten, ellers hadde dei vorte alt for store til meg.

_MG_6016_blogg

_MG_6018_blogg

_MG_6024_blogg

Det er fire år til neste OL – og truleg omtrent like lenge til neste gong eg skal strikke sokkar!

Min første Mariusgenser

Eg er ferdig med min aller første Mariusgenser! Prosjektet førte med seg ganske mange utfordringar, men til slutt vart eg nøgd med resultatet. Eg har ikkje strikka så mykje mønsterstrikk, og sjølv om eg får det til litt betre no enn før så er det framleis litt vanskeleg. Eg strikkar så stramt, og det gjer det litt vanskeleg med mønsterstrikk.

Genseren er strikka i Sandnes Sisu på pinne 3. Hovudfargen er brun, mønsteret er kvitt og øvst har eg vald ein nydeleg mosegrøn farge. Eg likar denne fargekombinasjonen veldig godt!

_MG_5966_blogg

Det aller meste med denne genseren gjorde eg på “gefühlen”, for eg hadde ikkje mønster. Det er vanskeleg å finne mønster på Mariusgenser til born, for alt er så himla digert! Her har eg gått ut i frå masketal på ein Marius-dress i str. 3 mnd, men genseren eg har ferdig er nok str. 6-9 mnd (og eg strikkar som sagt veldig stramt).

Dette er også min første genser med isydde ermer, og monteringa gjekk veldig fint. Eg har strikka bolen på rundpinne og klipt opp etterpå, armane er først sydd i på maskin før belegget er festa for hand. I skuldrane  har eg maska saman, og halskanten er bretta ned og sydd fast for hand.

_MG_5978_blogg

_MG_5973_blogg

Eg brukte akkurat to nøster med hovudfargen, men sidan det eine nøstet var brukt eit par meter av til eit anna prosjekt, måtte eg kjøpe eit nytt nøste for dei siste tre omgangane med brunt på arm nummer to. Litt kjipt, sidan målet var å redusere garnlageret litt, men då vart det nok garn til å strikke ei matchande lue!

Mønsterstrikk har gått frå å vere skummelt til å vere gøy, så Mariusgenser nummer to er allereie på pinnane.

Ravelenics

På Tante Ull sin podkast fekk eg høyre om Ravelenics, og no er eg med på dette prosjektet på Ravelry-gruppa for podkasten. Ravelenics går ut på å finne ei (strikke)utfordring som ein skal fullføre i løpet av OL. Kva ein vil gjere er opp til ein sjølv, for kva som er utfordrande å fullføre på sytten dagar er jo forskjellig frå person til person.

Eg har grubla litt på kva som skulle vere mitt mål å fullføre under OL, og var innom både genser og sjal i tillegg til det eg enda opp med – sokkar. Det er ikkje så veldig vanskeleg, men eg har litt sokkestrikkeskrekk og det er berre ein månad sidan eg banna på at eg aldri meir skulle strikke sokkar. Det er så ufatteleg gørr! Men, sidan eg elskar tjukkesokkar og alltid har det på meg så tenkjer eg at minst eitt par i sokkegarderoba mi burde vere sjølvstrikka.

Eg har fått litt dilla på mønsterstrikk for tida, og difor landa eg på eit par sokkar med masse mønster. Eg har ikkje fått til mønsterstrikk før, men no har eg både byrja å få det til – og byrja å like det. Sokkane eg skal strikke heiter Fireweeds, og fins gratis på Ravelry. Eg skal strikke sokkane i burgunder og kvitt, nesten som på biletet under. Eg skal bruke to forskjellige garntypar, det burgunderfarga er Regia 4-fäldig, og det kvite er Sisu. Eg har litt Sisu å bruke opp, og så fins ikkje den riktige fargen eg ville ha i det garnet, så då prøver eg ein mix. Sisu er uansett litt tjukkare enn det står i mønsteret, så eg trur det skal gå fint.

_MG_5933_blogg

OL-ilden er tent, og prosjektet er allereie på pinnane!